Jeg vil framføre et nydelig dikt
Barndomsminne frå Nordland
Skrevet i 1896 av Elias Blix
Håper dere liker det
Å, eg veit meg eit land
Langt der uppe mot nord
Med ei lysande strand
Millom høgfjell og fjord
Der eg gjerne er gjest
Der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band
Å eg minnest, eg minnest
So vel dette land
Der eit fjell stig mot sky
Med si kruna av snø
Og i lauvklædnad ny
Det seg speglar i sjø
Og det smiler mot strand
Med si bringa i brand
I den solklåre kveld
Å eg minnest, eg minnest
So vel dette fjell
Ja, eg kjenner den stad
Der eg stima som gut
Der eg kaua og kvad
So det svara frå nut
Der eg leika og log
I den lauvklædde skog
Millom blomster og blad
Å eg minnest, eg minnest
So vel denne stad
Og når vinden var spak
Fór um fjorden eg rundt
Der eg rodde og rak
Som ein fiskande glunt
Der eg leikande låg
Og meg vogga på våg
I den nattsol der nord
Å eg minnest, eg minnest
So vel denne fjord
Men det dårande hav
Som no drøymer so stilt
Vert ei glupande grav
Når det reiser seg vilt
Snart det lokkar og lær
Snart det yver deg slær
Og dreg båten i kav
Å eg minnest, eg minnest
So vel dette hav
I min heim var eg sæl
Av di Gud var attved
Og eg kjende so vel
Kor det anda Guds fred
Når til kyrkja me fór
Når me heime heldt kor
Og med moder eg bad
Å eg minnest, eg minnest
So vel denne stad
Denne heim er meg kjær
Som den beste på jord
Han mitt hjarta er nær
Denne fjetrande fjord
Og det målande fjell
Og den strålande kveld
Hugen leikar på deim
Å eg minnest, eg minnest
So vel denne heim
Og eg lengtar so tidt
Dette landet å sjå
Og det dreg meg so blidt
Når eg langt er ifrå
Med den vaknande vår
Vert min saknad so sår
So mest gråta, mest gråta eg kan
Å eg minnest, eg minnest
So vel dette land