Back to Top

Skuggsjå - Finnguten Lyrics

theme

Skuggsjå - Finnguten Lyrics




Det kom ein finngut frå Hardbakkfjellet
Ein aprilmorgon med linnversus
Han drog seg ned imot Gammelgjerdet
Og stod i gangen og bad om hus

Han skolv og skaka i reinskinnsvamsen
Og panna hans ho var heit som glo
Han fann seg plass på ein stol ved omnen
Og satt og hosta og spytta blod

På Gammelgjerdet der fekk han husrom
I fjorten dagar, slik vert det sagt
Han låg i senga på kammersloftet
Og Guro satt og heldt trufast vakt

Ho gav ham kamfer, og mjølk med sirup
Når hosten herja og kroppen skok
Og guten låg under sauskinnsfellen
Og stirde trutt i ei andaktsbok

Med kvite fingrar han snudde blada
Og las om himmelens herlegdom
Men så ein morgon da Guro vakna
Var gjesten borte og senga tom

Dei tok på leiting opp bratte lia
Langs seterstigen, i sving og krok
Og gjøymt i lauvet bak Toresteinen
Dei fann ei velbruka andaktsbok

Men guten inne frå Hardbakkfjellet
Han hadde floge med såra veng
Han ville døy i sitt eget rike
Han var'kje skapt for ei husmannsseng
[ Correct these Lyrics ]

We currently do not have these lyrics. If you would like to submit them, please use the form below.


We currently do not have these lyrics. If you would like to submit them, please use the form below.


Norwegian

Det kom ein finngut frå Hardbakkfjellet
Ein aprilmorgon med linnversus
Han drog seg ned imot Gammelgjerdet
Og stod i gangen og bad om hus

Han skolv og skaka i reinskinnsvamsen
Og panna hans ho var heit som glo
Han fann seg plass på ein stol ved omnen
Og satt og hosta og spytta blod

På Gammelgjerdet der fekk han husrom
I fjorten dagar, slik vert det sagt
Han låg i senga på kammersloftet
Og Guro satt og heldt trufast vakt

Ho gav ham kamfer, og mjølk med sirup
Når hosten herja og kroppen skok
Og guten låg under sauskinnsfellen
Og stirde trutt i ei andaktsbok

Med kvite fingrar han snudde blada
Og las om himmelens herlegdom
Men så ein morgon da Guro vakna
Var gjesten borte og senga tom

Dei tok på leiting opp bratte lia
Langs seterstigen, i sving og krok
Og gjøymt i lauvet bak Toresteinen
Dei fann ei velbruka andaktsbok

Men guten inne frå Hardbakkfjellet
Han hadde floge med såra veng
Han ville døy i sitt eget rike
Han var'kje skapt for ei husmannsseng
[ Correct these Lyrics ]
Writer: Jørgen Gravvold
Copyright: Lyrics © O/B/O DistroKid
LyricFind

Back to: Skuggsjå



Skuggsjå Finnguten Video


Performed By: Skuggsjå
Language: Norwegian
Length: 2:24
Written by: Jørgen Gravvold

Tags:
No tags yet